Konferanse på Universitetet i Agder 8. juni

Biblioteket i undervisninga – sjølvsagt! Men korleis gjer vi det i praksis?
Universitetet i Agder inviterer til konferanse om temaet 8. juni.
UiA har skuleåret 2008-2009 ansvar for prosjektet «Bruk av skulebiblioteket i undervisninga» i samarbeid med Utdanningsdirektoratet. Utvikling av ei eksempelsamling for bruk av skulebiblioteket i undervisninga og kompetansebygging og rettleiing av skulebibliotekansvarlige, lærarar og skuleleiarar ved pilotskular har vore hovudoppgåver.
Prosjektet inviterer til avslutningskonferanse for prosjektet 8. juni på UiA, Kristiansand. Målgruppa for konferansen er skulebibliotekarar, folke- og fagbibliotekarar, lærarar, skuleleiarar, skuleeigarar og andre interesserte. Prosjektleiarar og deltakarar vil presentere pilotprosjektet og gå gjennom ressursar som er utarbeidd til bruk for skular og bibliotek. Som
hovudførelesar har vi fått Helge Strømsø, professor i pedagogikk ved Pedagogisk forskingsinstitutt, Universitetet i Oslo. Han vil kaste lys over utfordringar skulen står overfor når elevar skal arbeide med fleire tekstar om eitt tema («multiple tekstar»).
Program og påmelding: http://www.uia.no/skolebibliotek
Siri Ingvaldsen