Satsing på skulebibliotek er satsing på skule

nasjonalbibliotekdag26. august vert Nasjonal bibliotekdag arrangert over heile landet. Skulen har nett starta og elevar over heile landet møter sitt skulebibliotek. NBF skule vonar dei møter gode skulebibliotek og at engasjerte skulebibliotekarar er til stades for å ta imot dei.

jatilbibliotek skole trykkNasjonal bibliotekdag er ei initiativ for å vise fram alle slags bibliotek. NBF skule vil nytte høvet til å fortelje at skulebiblioteka er eit verktøy for læring. Gode skulebibliotek gjev betre lesarar og utviklar engasjerte, kritisk  og tenkjande mennesker. Skulebiblioteka møter ungane frå dei lærer å lese i dei fyrste skuleåra og er tett på dei gjennom dei ulike skuleslaga.

Opplæringslova strekar under at alle elevar skal ha tilgjengelege skulebibliotek. NBF skule meiner at skulebiblioteka bør nyttast systematisk og pedagogisk i opplæringa. Elevar kan oppdage bøkene si verd og internett sine løyndommar, dei kan få rettleiing til å møte fagkunnskap og samfunn med eit kritisk og tenkjande blikk.

Politikarane og skuleeigarane har ansvar for å leggje tilhøva til rette for at skulen best mogleg kan bruke skulebiblioteka som eit verktøy for betre læring. Korleis står det til på din skule? Kva for parti går til val med løftar om å satse på skulen?

Bli med på feiringa av Nasjonal bibliotekdag. Sats på skulebibliotek – det er å satse på skule!

 

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone