Vern om viktig verktøy

Rogaland fylkeskommune skal spare penger i videregående skole. Det er ikke lett, det er antagelig ingen steder de pengene enkelt kan spares inn. Men vi håper politikerne i Opplæringsutvalget hører på sine skolebibliotekarer når de skal diskutere sparetiltakene i vgs på tirsdag. 

NBF Rogaland og NBF Skole har derfor sendt leserinnlegg til lokale aviser. Stavanger Aftenblad publiserte dette innlegget 23.mai.

Leserinnlegg i Stavanger Aftenblad 23.mai 2015.
Leserinnlegg i Stavanger Aftenblad 23.mai 2015.

Vern om viktig verktøy

Skulebibliotek i vidaregåande skule har vore eit satsingsområde i Rogaland fylkeskommune i fleire år. I samband med Reform ’94 vart det tilsett fagutdanna bibliotekarar på dei fleste skulane, og det vart brukt mykje ressursar på å byggje opp skulebiblioteka.

No er det nye tider. Det er tid for sparing i Rogaland fylkeskommune. Ikkje berre  bibliotekbudsjett, men nokre skular vel og å kutte bibliotekarstillingar. Det bekymrer oss i Norsk bibliotekforening, og det bør og bekymre elevar, foreldre, lærarar og politikarar .

For veit rektorane og skulane kva dei gjer, når dei kutter ned på stillingane til skulebibliotekarane? Veit politikarane at dette er resultat av dei økonomiske kutta? Veit lærarar og elevar at dei kan få kraftige kutt i i bibliotektenesta?

Eit skulebibliotek er ikkje berre ei boksamling. Det er ikkje berre litteraturformidling og leseopplæring og annan støtte til undervisninga skulebibliotekarene driv med. Dei driv og opplæring i å finne, vurdere og bruke informasjon, anten den finst på nettet eller i bokhyllene på biblioteket.

Eit godt skulebibliotek er eitt av dei viktigaste verktøya skulen har for å utdanne engasjerte, kritisk tenkjande unge menneske. Den kompetansen bibliotekarene har, er svært viktig for skulegangen til elevane, og for vidare studier og arbeidsliv, og me meiner at den ikkje kan erstattast av andre yrkesgrupper.

Ifølgje statistikk frå Nasjonalbiblioteket, ligg Rogaland alt under landsgjennomsnittet når det gjeld bemanning Det verker difor uforståeleg at skuleleiinga i fylkeskommunen tillet endå større kutt i desse stillingane.

Viss politikarane og opplæringsavdelinga i fylkeskommunen ønskjer informasjonskompetente elevar som les og lærer betre, må dei satse på skulebibliotek.

NBF Skole v/Mari Hopland

NBF Rogaland v/Kristine Abelsnes

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone